Opphøyrssal i mange G-Sport-butikkar, men ikkje i Ulsteinvik

Frode Hofseth er dagleg leiar i G-Sport Ulsteinvik. G-Sport-namnet blir verande ei stund til, men etter kvart er planen at butikken skal inn under Intersport-paraplyen. Arkivfoto: Ole-Ottar K. Høgstavoll.  

Næringsliv

Mange stadar i landet er det no opphøyrssal i G-Sport og G-MAX-butikkar etter konkursen i Gresvig-konsernet tidlegare i vår. Allereie i august i fjor vart det klart at G-Sport-namnet skulle vekk og at ein del av dei tidlegare G-Sport-butikkane skal stå opp att under Intersport-namnet.