Dei tillitsvalde ved Kleven Verft: - Vi må berre ha trua på at dette går bra til slutt

Dei hovudtillitsvalde i Kleven Verft AS var naturlegvis uroa etter at det blei klart at det blir meldt oppbod i dei tre selskapa ved verftet. Samstundes er dei positive til at det kjem ei eller anna form for løysing i den nærmaste tida. Frå venstre ser ein Olve Brandal og Alen Nuhic i Nito, Frank Hauge og Alf Johan Antonsen i FLT - og Olav Høydalsvik i Fellesforbundet  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

Etter at pressa fekk møte DIV Group-eigar Tomsialv Debeljak og HR-direktør Magne Gurskevik - der det blei bekrefta at Kleven Verft melder oppbod - snakka Vikebladet Vestposten med dei tillitsvalde ved verftet.