Mafoss er nøgde med Green Yard Kleven-løysinga: - Det viktigaste blir å ta vare på folka, dei som faktisk utgjer kompetansen

Positiv: Jan Thormodsæter, dagleg leiar i Mafoss (Maritim forening for søre Sunnmøre), står her med Kleven Verft i bakgrunnen. Han er positiv til løysinga som kom på plass denne veka, ved det som no blir Green Yard Kleven.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

Jan Thormodsæter, dagleg leiar i Mafoss (Maritim Forening for Søre Sunnmøre), var blant dei som i limboet mellom konkursen 3. juli og offentleggjeringa av det nye eigarskapet natt til 14. juli, frykta at dersom ein ikkje fekk Kleven på beina igjen, så ville det kunne gå hardt utover den norske maritime næringa, totalt sett.