Dei lokale verksemdene i Ulstein ønsker også velkomen til julehandel og Black Week:

– Alle kan kjenne seg trygge

I Ulstein er både dei store kjøpesentera og dei mange frittståande butikkane klare for å ta i mot tusenvis av handlande i tida fram mot jul. Hovudfokuset er å leggje til rette for ein trygg julehandel – og helst vil ein at folk byrjar så tidleg som mogleg.

Gler seg: Fleire representantar frå dei lokale verksemdene i Ulsteinvik møtte fram for å oppmode lokalbefolkninga om å handle lokalt i årets julehandel – og sjølvsagt, følgje dei gjeldande smittevernreglane. Frå venstre ser ein Anita Muren (Maluns), Linda Kjellevold (Ulstein Garn og Broderi), Greta Overvåg (Overvåg), Kathrine Gåsvik Ulstein (Blåhuset), Helene Holstad (Amfi Ulsteinvik), Øystein Muren (Brygga Sportsbar) og Line Urke (Ulstein Næringforum).   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Bruk dei lokale tilboda – støtt den lokale handelen.

Helene Holstad, senterleiar ved Amfi Ulsteinvik
Næringsliv

Julehandelen i år blir definitivt ikkje heilt som den har vore tidlegare. Men – den utfordrande tida vi er inne i, som har kome som følgje av koronapandemien og nedstengingar både i Norge og verda elles, skremmer ikkje dei lokale verksemdene frå å satse vidare – heller ikkje i Ulstein.