Tysdag går denne båten til Skottland i håp om arbeid på både kort og lang sikt:

- Positiv utvikling

Det seier Tommy Walaunet, administrerande direktør i Island Offshore. Island Defender har vore i opplag sidan seint i fjor haust – men tysdag ettermiddag seglar båten mot Aberdeen.

Klar for avreise: Island Defender ligg i skrivande stund fortøydd ved Green Yard Kleven - før avreise tysdag ettermiddag. Då skal fartøyet til Aberdeen, der det skal vente på eventuelle oppdrag i spotmarknaden.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

I den kjende skotske hamnebyen skal Island Defender opphalde seg, medan mannskapet ventar på eventuelle oppdrag i spotmarknaden. Island Defender har vore fortøydd på Borgstein i Ulstein sidan seint i fjor haust, i kaldt opplag.