Sparebank 1 Søre Sunnmøre:

Svært god start på året

Lokalbanken opplevde sterk kundevekst og låge tap i første kvartal - og eit resultat før skatt på 42 millionar kroner.

Seinast i februar kunne Vikebladet Vestposten fortelje at veksten ved Ulsteinvik-avdelinga til Sparebank 1 Søre Sunnmøre held fram. Tala for første kvartal viser at banken totalt sett leverer ein sterk start på 2021. På dette bildet ser ein Lillian Kleven Breivik, Stig Brautaset og André Skotheim - som høvesvis er avdelingsbanksjef for Ulsteinvik-avdelinga, administrerande direktør i Sparebank 1 Søre Sunnmøre og banksjef for personmarknaden i Sparebank 1 Søre Sunnmøre.  Foto: Arkiv/Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

Resultatet er ein auke på 11,5 prosent sett i høve same perioden i 2020. Det skriv Sparebank 1 Søre Sunnmøre i ei pressemelding onsdag.