Ulstein Verft:

Sjøsette National Geographic Resolution

Ekspedisjonscruiseskipet er planlagd levert til ekspedisjonscruiseselskapet Lindblad Expeditions i fjerde kvartal i år.

Sjøsett: Tysdag blei National Geographic Resolution dokka ut frå dokkhallen ved Ulstein Verft. Skipet er venta levert til kunden i fjerde kvartal i år.  Foto: Ulstein Group/Per Eide Studio.

Næringsliv

Etter å ha vore fleire månader ute av syne i dokkhallen ved Ulstein Verft, vart ekspedisjonscruiseskipet National Geographic Resolution - som Ulstein Verft byggjer for Lindblad Expeditions dokka ut 8. juni 2021. Det skriv Ulstein Group i ei pressemelding. Skipet er designa spesielt for polare farvatn, og er planlagt levert til fjerde kvartal.