Hareid Group med nyutvikla anlegg for landstraum:

Leverer til to lokale verft

I løpet av kort tid har Hareid Group levert eit nyutvikla anlegg for landstraum til Myklebust verft, og signert avtale med Larsnes Mekaniske Verksted om levering av tilsvarande anlegg.

«HG Shore Power»: Automasjonsingeniør i Hareid Group, Sigurd Nordal Eikrem - jobbar her på eit landstraumanlegg som er utvikla av Hareids-verksemda.  Foto: Hareid Group/Cecilie Hatløy.

Næringsliv

Det melder Hareid Group-konsernet i ei pressemelding torsdag. Selskapet si nye satsing på innovasjon og utvikling av berekraftige løysingar for maritim industri, har med dette fått ein svært god start.