To Ulstein Verft-bygg kan bli årets skip

Juryen i Skipsrevyen si kåring Ship of the Year har nominert tre fartøy - «National Geographic Resolution», «Nexans Aurora» og «Hydra». Dei to førstnemnde er Ulstein Verft-produkt.

Nominert til årets skip: Kabelleggingsskipet «Nexans Aurora», bygd ved Ulstein Verft - kan bli kåra til Ship of the Year i august.  Foto: Ulstein Group/Per Eide Studio.

Næringsliv

Kva skip som går av med Skipsrevyen sin gjeve Ship of the Year-pris blir klart 31. august, under Norske Maritime Eksportørers ERFA-konferanse på Hotel Norge i Bergen. Det skriv Skipsrevyen på sine sider (ekstern lenkje).