Svært god ordrehorisont for Ulmatec Handling Systems:

– Ligg an til å møte rekordomsetninga

Ordresituasjonen til Ulmatec Handling Systems er no så god at verksemda har godt med arbeid til over påska i 2022.

Basen veks: Ulmatec Handling Systems held til på Raffelneset – og der er det mykje aktivitet for tida. Nærmast ser ein den nyaste telthallen som har kome opp, og like ved den er ein ny under bygging. Begge er 600 kvadratmeter store. Ved servicebasen tilbyr ein også landstraum til fartøya som kjem innom – og dette tilbodet skal vidareutviklast.   Foto: Nanseth Media.

Næringsliv

Vikebladet Vestposten møtte i førre veke Iver Bjørnerem og Bjørnar Nesset, høvesvis administrerande direktør i Ulmatec Handling Systems og Ulmatec Baro – og servicesjef i Ulmatec Handling Systems.