I starten av førre veke kom nyheita om at Kongsberg Maritime har signert kontrakt på levering av komplette PM-pakkar (Permanent Magnet-thrusterar) – til to spesialskip for installasjon og service på offshorevindparkar (CSOV) Vard Group skal byggje for Norwind Offshore.

Men – dette er ikkje dei første pakkane av denne storleiken selskapet skal levere. For i september i fjor var Vikebladet Vestposten til stades i Fosnavåg då Rem Offshore fortalde at dei var det første reiarlaget i verda som skulle få ein komplett PM-pakke av stor storleik – utvikla og installert av Kongsberg Maritime. Utstyrspakken skal installerast på to nye CSOV-skip som skal designast og byggast av nettopp Vard Group.

Byggjer om med tanke på satsinga

For å klare å ta unna desse to ordrane – og forhåpentlegvis mange fleire framover – er eine produksjonshallen til Kongsberg Maritime i Ulsteinvik no i ferd med å bli bygd om – slik at ein får i gang ei topp moderne produksjonslinje for montering av PM-thrusterar.

Gamle maskiner blir no gradvis demontert og selt til andre verksemder både i Norge og utlandet – medan nytt maskineri skal inn. I prosessen må blant anna gropene som står att etter at maskinene er fjerna, fyllast igjen med betong.

– Det går i høgt tempo no – for at vi skal kunne kome i gang raskast mogleg. Vi innreier produksjonshallen som eit ledd i transformasjonen vår, og det blir fantastisk bra å få dette på plass. Dette er utruleg positivt for oss, for dei lokale kundane som nyttar vår teknologi – men også for heile regionen rundt oss, seier Dag Skarbø, Site Director ved Ulsteinvik-avdelinga til Kongsberg Maritime.

Har jobba med teknologien i mange år

I førre veke møtte Vikebladet Vestposten nemnde Skarbø – men også Agathe Kalvatn – som er teknisk produktsjef for PM-thrusterane – og Dag Øystein Andersen, Senior Vice President Thruster Systems i konsernet. Sistnemnde leiar thruster-satsinga i Norge, Sverige og Finland.

– Ulsteinvik er senteret for den nye teknologien vi utviklar no, og vil heilt klart bli veldig viktig for oss i åra framover. Vi satsar i Ulsteinvik – det er det ingen tvil om, seier Andersen.

foto
Gler seg: Her ser ein frå venstre Agathe Kalvatn, teknisk produktsjef for PM-thrusterane, Dag Øystein Andersen, Senior Vice President Thruster Systems og Dag Skarbø, Site Director ved Ulsteinvik-avdelinga til Kongsberg Maritime. Dei gler seg over satsinga som konsernet no gjer - ved å utvikle ei topp moderne produksjonslinje i produksjonshallen bak dei. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Utviklinga av PM-thrusterane har gått føre seg i mange år allereie – frå rundt 2003–2004 – og teknologien har blitt forbetra for kvart år som har gått. Første gong teknologien blei implementert i eit eksisterande produkt var då det blei installert på Olympic Octopus i 2007.

Sidan har Rolls-Royce Commercial Marine – Kongsberg Maritime etter oppkjøpet i 2019 – levert PM-produkt til ulike prosjekt. Blant anna har Hurtigruten og Havila Kystruten sine nye skip blitt utstyrt med PM-tunnelthrusterar frå Kongsberg Maritime.

Men, no ser ein at etterspurnaden etter skalaen ein no leverer på – aukar kraftig, fortel Agathe Kalvatn, som leier eit team av ingeniørar som jobbar med teknologien i Ulsteinvik. Skalaen ein snakkar om er ein såkalla PM Azimut 2600 – som har ein propelldiameter på heile 2,6 meter.

– Eg har jobba med dette dei siste ti åra – men den første utviklinga av teknologien byrja tidleg på 2000-talet. Det som derimot skjer no er at vi ser betydeleg større volum blir bestilt – og eg vil vel dra det dit at vi føler det tek meir laust no, seier Kalvatn.

Både Kalvatn, Skarbø og Andersen gler seg over at det også blir jobba med nye versjonar av PM-teknologien – til ytterlegare bruksområde.

Grønare teknologi

Medan propellane i konvensjonelle thrusterar er drivne av ein aksling kopla til ein ekstern motor – er ein PM-thruster derimot driven av elektriske magnetfelt som genererer rotasjon rundt ytterkanten av propellblada.

– Motorkrafta blir direkte overført til propellen, utan at verken gir eller tannhjul er involvert. Det er få roterande delar i thrusteren – og ein robust design. Alt dette gir høgare verknadsgrad og lågare energiforbruk. Thrusteren er godt tilpassa batterisystem. I tillegg nyttar vi miljøvenlege oljar i thrusteren. Eit anna viktig poeng er dette med støy og vibrasjon – som PM-teknologien har vesentleg lågare nivå av. Noko som både er bra for livet i sjøen – og reisande og mannskap om bord i skipa, seier Agathe Kalvatn, som fortel at organisasjonen har FN sine berekraftsmål innprenta i bakhovudet.

– Førespurnadane sal har fått inn frå alle verdshjørne er mange – noko som tyder på stor interesse. Mange følgjer med på kva andre aktørar gjer. Vi ser elles mange alternative moglegheiter for PM-produkta, og gler oss til den vidare utviklinga, seier Dag Øystein Andersen avslutningsvis.