I bakgrunnsmusikken til det trufaste Hasund og Dimnøy skulekorps, vart PSV-fartøyet Rem Fortune døypt ved kaia på Kleven verft i Ulsteinvik onsdag.

Gode verktøy

I sin tale under dåpen fortel administrerande direktør Ståle Rasmussen i Kleven at dei set stor pris på samarbeidet med reiarlaget Rem Offshore frå Fosnavåg.

– Vi set stor pris på det nære samarbeidet vi har med Rem Offshore. Våre to organisasjonar jobbar svært godt og effektivt saman, fortel Rasmussen.

Frå administrerande direktør Åge Remøy i Rem Offshore, får vi ei stadfesting på at offshoreskipa frå Kleven er med på å tene reiarlaget godt.

– Vi gler oss over å få utvida flåten vår med enda eit Kleven-bygd fartøy. Dette er ein skipstype vi kjenner får før og som har blitt godt motteke i marknaden. I fjor fekk vi overlevert to fartøy av denne typen frå Kleven verft – Rem Fortress og Rem Commander. Dette har synt seg å vera pålitelege og gode verktøy for oss og våre kundar, seier Åge Remøy.

Etter at alle ord var sagt, vart Rem Fortune døypt av gudmor June Wågsholm Rooney, flankert av Åge Remøy, Ståle Rasmussen og kaptein Ståle Nykrem. Vidare vart dåpen tradisjonelt feira med synfaring om bord.

Vidareutvikla

Den nye Rem Fortune er eit plattform supplyfartøy av typen VS 485 MKIII, designa av Värtsila. Rem Fortune er vidareutvikla i forhold til Rem Fortress og Rem Commander, der mellom anna overbygget er fornya og linene optimalisert for redusert drivstofforbruk.

Rem Fortune har lett isklasse og møter DNV (Det Norske Veritas) sine krav for Clean Design.

Det 85 meter lange fartøyet har ei maksimumsfart på i overkant av 15 knop, eit lasteområde på dekk på om lag 1000 kvadratmeter og lugarkapasitet for 22 personar. Rem Fortune har også Comfortklasse 3, noko som betyr krav til redusert støy og vibrasjon.

Fram til i dag har Kleven levert 14 fartøy til Rem Offshore. I tillegg har Kleven ytterlegare tre fartøy i ordreboka som skal leverast til Rem Offshore juni i år – februar og mai neste år.

Les meir om dåpen i papirutgåva av Vikebladet Vestposten torsdag.

Gudmor June Wågsholm Rooney døyper Rem Fortune. Flaska vart knust på andre forsøk. Foto: Joar Ødegård