– Vi ønskte å samle aktivitetane i Sevi Group på ein stad. Så kan det også vere greitt å sleppe å pendle til og frå Mjølstadneset kvar dag, seier Severin Gjerde, dagleg leiar i Sevi Group.

Både Gjerde og styreleiar Jan Arild Roppen bur i Ulsteinvik, medan dagleg leiar i Seastate 7, Lars Reidar Brekke, bur på Hareid.

Seastate 7, som blei starta i 2014, blei tatt over av Sevi Group nyleg, og med det har verksemda med i alt 15 tilsette no eit endå breiare sortiment av produkt og løysingar. Sevi AS, som driv med service og produksjon, skal framleis halde hus på Mjølstadneset. Dei nye kontorlokala på Borgstein vil bli viktige i den vidare utviklinga av verksemda.

– Her er vi midt i smørauget i den maritime klynga, og det er mykje god kompetanse her på huset. Ein skal ikkje undervurdere betydinga av det at vi møter andre spanande aktørar i kantina kvar dag, seier Jan Arild Roppen.

Godt samarbeid

Seastate 7 er som sagt ny under Sevi Group-paraplyen, men det har vore mykje godt samarbeid mellom dei to aktørane allereie.

– Vi har hatt mykje å gjere med Seastate 7 gjennom dotterselskapet vårt Sevi Blue Power, der vi utviklar innovative produkt og system. Med overtakinga av Seastate 7 aukar vi kompetansen vår, og får eit meir komplett tilbod, seier Severin Gjerde.

Miljøteknologi

Sevi AS blei skipa i 2009 og er spesialist på automasjonssystem, samt service og vedlikehald av elektriske elkraftsystem og dieselmotorar om bord i skip.

– Vi leverer miljøteknologi til norske skip. Men, miljøteknologi er ikkje berre produkt, det er eit spekter av produkt, løysingar og tenester. Vi har gjort oss merkbare i marknaden ved at vi er gode på dieselmotorar, elektro- og automasjon, og gjennom Sevi Blue Power har vi sterke produkt og system retta mot elektrifisering av ferjer og båtar generelt, hybride framdriftssystem, seier Gjerde og legg til:

– Og no har vi altså fått med oss Seastate 7 som har patent på MPD, ei «moonpool»-dør eller botnluke som er med på å redusere drivstoff-forbruket til båtar der «moonpool» er montert. Får ein lukka ei slik luke slik Seastate 7 har designa den, får ein redusert forbruket mykje. Alt vi styrar med går inn mot det å levere reinare teknologi til norske skip.

Sevi har i tillegg no utvikla ein ny måte å lade elektriske ferjer på, som dei har søkt om patent på.

– Om vi får til dei prosjekta vi jobbar med no vil vi også vekse vidare, og trenge nye folk. Dyktige ingeniørar med opne sinn.

Nær relasjon med kundane

Servicetenestene til Sevi er nøkkelen til å skape nærleik til kundane, meiner styreleiar Jan Arild Roppen.

– Om ein er nær kundane kring drift og operasjonelle problem, så kan ein saman finne fram til gode løysingar, seier Roppen.

Ikkje alltid ein ser produkta

På same måte som ein ikkje alltid ser den viktigaste spelaren på eit lag innanfor idrettens verd, er det også litt slik med produkta og tenestene Sevi Group leverer.

– Vår oppgåve er å gjere våre kundar gode til det dei skal vere gode på, seier Gjerde.