Det heile starta i ein garasje på Moltustranda. Tjue år seinare held Sveisereparatøren AS til i det store Fristadbygget i Dragsund, og opplever godt vekst. – Vi håper vi held koken i tjue nye år, seier Svein Røren.
Jubileum: Denne gjengen kunne fredag i førre veke feire at det i år er tjue år sidan Sveisereparatøren blei etablert. Frå venstre ser ein Viggo Rafteseth Notøy, styreleiar Terje Høybakk, Roar Arnesen, dagleg leiar og grunnleggjar Svein Røren og Åse-Iren Tarberg.
Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.