Frøy-gruppen dekkjer i dag store delar av Nord-Norge, Trøndelag, Møre og Romsdal, og Sogn og Fjordane. Med oppkjøpet av Seadive AS i februar, eit firma som leverer dykkartenester, er konsernet også godt posisjonert for å vekse ytterlegare i kystområda i Hordaland, og etter kvart også i Rogaland. Frøy-gruppen har ein strategi om å bli ein landsdekkjande leverandør av servicetenester.

– I Frøy-gruppen har ein alt ifrå små dykkarbåtar, til store og små servicebåtar, men også store brønnbåtar. Vi er ein stor og solid aktør, og det er veldig godt for oss her i Ulsteinvik at vi får vere ein del av dette, fortel Joar Gjerde.

19 båtar og 160 tilsette

Den tidlegare salssjefen i ABB Marine og før det ved Ulstein Verft, er i dag dagleg leiar for dei to selskapa Frøy Vest AS og Frøy Vest Rederi AS, som begge ligg under Frøy-paraplyen. Det er tilsette i desse to selskapa som no flyttar kontorstad frå Ørsta til Ulsteinvik.

– Vi driv primært med service- og dykkartenester, og opererer frå Molde-området i nord til Bergen-området i sør, seier Gjerde.

Frøy Vest AS utfører service- og dykkaroppdrag ved bruk av mindre servicebåtar. Dei større båtane utfører tenester gjennom Frøy Vest Rederi AS.

– Brorparten av aktiviteten vår er inn mot havbruksnæringa, fortel Gjerde.

Som fortel at Frøy-selskapa også har lokale verft på kundelista.

– Vi utfører diverse dykkaroppdrag, skrog- og propellundersøkingar. Både Ulstein Verft og Kleven-verfta er gode og viktige kundar for oss på dette feltet.

Totalt driftar Frøy Vest og Frøy Vest Rederi 19 båtar. Inkludert nyoppkjøpte Seadive tel selskapa Joar Gjerde er leiar for heile 160 tilsette.

– Det er mykje aktivitet for tida, og vi byrjar å bli ei relativt stor verksemd, seier Gjerde.

Nærleik til miljøet og rekruttering

Gjerde fortel at det store maritime og marine miljøet i Ulsteinvik og regionen rundt var avgjerande for at selskapa flytta kontorstad frå Ørsta til Ulsteinvik.

– Heilt klart. Her er det fleire verft, reiarlag, designbedrifter og andre aktørar heilt i nærleiken. Det er viktig for oss å vere med i denne regionen, slik vi kan utvikle oss og dra nytte av kompetansen i regionen. Også i forhold til rekruttering var dette eit riktig val. Dette er nok hovudgrunnane til at vi vel å flytte oss den korte vegen frå Ørsta til Ulsteinvik, seier Joar Gjerde.

Frøy Vest og Frøy Vest Rederi sitt hovudkontor og tekniske base ligg i Måløy, men brorparten av leiinga sit no i Ulsteinvik. I alt seks har no kontorstad på Borgstein.

– Dreg med oss ei ny næring

– Vi har med oss ei anna type næring inn i ein region prega av olje- og gass, fiskeri og anna. Vi er så heldige som har fått inn ein del mannskap med offshorekompetanse, nok ein viktig grunn til å vere lokalisert her, seier Gjerde, som også fortel at Marine Harvest og Hofseth er store kundar.

Legging av fiberkabel er også eit satsingsområde.

– Vi har fått ein del oppdrag dei siste åra innan felt vi ikkje har vore så mykje inne på før, men det er berre kjekt. Vi er ute etter å utvikle oss vidare, og med kontorstad i Ulsteinvik er vi rusta for vidare vekst, seier Joar Gjerde til slutt.

Her er eit knippe av dei tilsette som no har fått ny kontorplass på Borgstein i Ulsteinvik. Frå venstre ser ein rekneskapssjef Gunn-Karin Røyset, driftskoordinator Karl Erik Saure, kvalitetssjef Sigurd Helsem Sævik, driftsleiar Sigve Slagnes og dagleg leiar Joar Gjerde. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.
Dagleg leiar Joar Gjerde har brei erfaring innanfor den maritime næringa og gjekk frå stillinga som salssjef i ABB Marine, der han hadde ei global rolle innanfor sal og marknadsføring av utstyr til offshoreskip. No er han sjef for i alt 160 tilsette i Frøy Vest og Frøy Vest Rederi. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.
Eit glimt frå kontoret til dagleg leiar Joar Gjerde. Her er Gjerde i prat med driftsleiar Sigve Slagnes. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.