Vi møtte denne veka Anna Klara Måseide og Frida Eirin Voldnes, høvesvis dagleg leiar og prosjektleiar i Ulstein Næringsforum.

Dei kunne fortelje at næringsforumet ønsker å få på plass ein eigen sentrumskoordinator for Ulsteinvik sentrum.

«Er du kreativ, initiativrik, handlekraftig og har eit brennande engasjement for å utvikle Ulsteinvik sentrum? Då er du kanskje den vi er på jakt etter!»

Det skriv Ulstein Næringsforum i utlysingsteksten.

Ulstein Næringsforum og Ulstein kommune jobbar saman for å få til ei visjonær og relevant sentrumsutvikling, fortel Anna Klara Måseide og Frida Eirin Voldnes.

– Vi løfter satsinga eit solid hakk til for å få til endå meir, og søkjer no difor etter ein eigen sentrumskoordinator, seier dei.

Vedkomande som får jobben skal leggje til rette for og gjennomføre aktivitetar i sentrum – men også kople næringslivet, frivillige lag og organisasjonar saman.

– Målet med det er å skape unike, berekraftige og innovative samarbeid. Ved å få på plass nye aktivitetar og møteplassar ønsker vi å løfte opplevinga av å bu i og besøke Ulsteinvik, på same tid som ein legg til rette for spanande næringsutvikling og nye sentrumsprosjekt, seier Måseide og Voldnes.

Toårig prosjekt

Det er midlar Ulstein Næringsforum har blitt tildelt frå Møre og Romsdal fylkeskommune som skal nyttast, og som vil dekkje eit toårig engasjement for den som får jobben. Fylkeskommunen har eit eige tettstadutviklingsprosjekt, som næringsforumet har søkt om midlar frå.

– Vi har erfart at vi rett og slett ikkje har tid eller kapasitet til å gjere det som trengst rundt sentrumskoordinering, og set enormt stor pris på fylkeskommunen sin tillit til at vi får gjort mykje bra med å få på plass ei slik stilling. Vi ser etter nokon som kan vere navet i sentrumshjulet, seier Anna Klara Måseide og Frida Eirin Voldnes.

Vil ha mindre tomme lokale

Noko som har blitt meir og meir synleg dei seinare åra er at det blir stadig fleire ledige næringslokale i Ulsteinvik sentrum. Lokale som ein ikkje finn leigetakarar eller kjøparar til. Eitt av spørsmåla som dermed har kome fram er kva ein kan gjere for å utvikle desse.

Eit anna spørsmål er korleis ein kan gjere sentrum desto meir attraktiv for alle aldersgruppene.

– Det er mangt og mykje som kan gjerast av ein sentrumskoordinator. Målet vårt er å finne ein person med giv, handlekraft og kreativitet, som brenn for å få andre til å samarbeide på best mogleg vis, seier Måseide og Voldnes til slutt.