Like før helga kunne Olympic melde at reiarlaget er i mål med ei finansiell restrukturering, som selskapet har jobba med sidan starten av juli i 2016.

– Det har vore ein veldig lang prosess, med mange kreditorar, der vi måtte jobbe hardt for å få alle til å bli einige. Det har vi klart, og dei vil no saman med reiarlaget bidra til å sikre selskapet i ein lengre periode framover. Det er vi sjølvsagt svært nøgde med. No meiner eg at vi er eit robust reiarlag og at vi har sikra oss ein god horisont for den nærmaste framtida, seier administrerande direktør i Olympic Shipping, Stig Remøy, til Vikebladet Vestposten.

Sikra til 2020–21

Saman med kreditorane har Olympic funne ein gjeldshandteringsplan, både for morselskapet og dotterselskapa.

– Vi har gjort ei rekkje grep, spesielt på avdragssida. Der har vi no ein heilt annan profil, ein robust avdragsprofil som justerast i høve til innteninga til selskapet. Slik vi ser det no har vi med denne siste utviklinga gode sjansar til å halde fram drifta utan større problem fram til og med hausten 2020-21, seier Remøy og legg til:

– Då reknar vi med at marknaden har kome seg litt opp frå den hengegropa vi no er inne i.

– Har tatt på

Remøy fortel at arbeidet med å få på plass ei finansiell restrukturering har tatt på, både for dei tilsette på land og sjø.

– Det har vore knytt mykje uvisse til prosessen, før vi fekk dette i stand. Difor er det veldig bra når vi no har ein avtale på plass. Det gir både selskapet og alle dei tilsette ein meir føreseieleg kvardag.

I samband med restruktureringa vil 400 millionar i frisk eigenkapital komme til, fleire skip vil bli selde, og opp i mot 80 tilsette blir oppsagde. Remøy fortel også at reiarlaget framleis har ein del permitterte, som fort kan komme til å få komme inn igjen.

– Heldigvis er det ikkje så mange av dei som har vore eller er permitterte som har blitt oppsagde endå. Ein del hadde vi nok blitt nøydde til å permittere uansett på grunn av lågkonjunkturen vi er nede i, for det er ikkje nokon grunn til å leggje skjul på at næringa er i ein veldig djup bølgjedal framleis, seier Remøy.

– Det som er ekstra gledeleg er at no har ikkje berre vi tilpassa oss, men også kreditorane er tilpassa ein svakare marknad.

Store forskjellar

Olympic-direktøren meiner ein restruktureringsavtale av februar 2017 er noko heilt anna enn om den blei inngått i 2015 eller 2016.

– Heile nedturen i næringa har blitt meir og meir alvorleg. Om ein gjorde ei restrukturering for så seint som berre for 12 månadar sidan var det totalt forskjellig frå den vi fekk signert no i juletider. Den avtalen vi har skrive under på no er likevel så robust at eg har god tru på framtida til reiarlaget. Eg har derimot ikkje noko tru på at nedturen skal vare i tre år. Eg trur vi ser ei lysning innanfor fleire segment allereie neste år, seier Olympic Shipping-sjefen, som avslutningsvis kan avsløre:

– Det at vi no har vore i ein fase med fokus på restrukturering, ein fase der vi er inne i ein «standstill», gjer det naturlegvis vanskeleg å forhandle om nye kontraktar. Men, eg kan avsløre at vi no er på veg inn mot ein betydeleg auke på kontraktssida.