Odd Petter Meinseth takkar av som direktør ved Quality Hotel Ulstein. Erik Mathias Lystad overtek som ny hotelldirektør.

- Vi er veldig glade for å få Erik på plass med den kompetansen og lokalkjennskapen han har både når det gjeld hotellet og Ulsteinvik. Erik brenn for hotell og vi ser fram til ein leiar som vil drive Quality Hotel Ulstein vidare full av energi, mot og begeistring. Vi føler at Erik er ein verdig etterfølgjar av Odd Petter Meinseth, som no går inn i ei ny rolle som Culture Officer for Quality Hotel Norge med fullt fokus på kulturbygging, seier Henrik Ståhl, Director of Operation, Quality Hotel Norge, i ei pressemelding.

Lystad har tidlegare arbeidd som salssjef ved Quality Hotel Ulstein, han er utdanna kokk med fagbrev innan mat og drikke og har lang og brei erfaring frå hotell- og restaurantbransjen.

Erik Mathis Lystad kjem frå stillinga som dagleg leiar ved Tesla i Ålesund.

- Eg er stolt over å få ansvaret med å videreutvikle eit av Norges flottaste hotell og gler meg til å få jobbe med ein så super gjeng av entusiastiske medarbeidarar, seier Erik Mathias Lystad som tek til i stillinga i midten av august.