– Årleg har godstogtransporten på Raumabanen erstatta 10.000 lastebilvogntog gjennom Romsdalen og Gudbrandsdalen. Godstransporten på Raumabanen står i fare for å forsvinne heilt om det ikkje snarleg blir bygd ei jernbanebru over Lågen. Då må godset over på E136/E6 og på dei mange tusen vogntoga. Det vil vere alvorleg både for trafikksikkerheit, klima og miljø, seier fylkesordførar Line Hatmosø Hoem i Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Fylkesordførarane i Møre og Romsdal og Trøndelag uttrykkjer ei sams bekymring overfor Samferdselsdepartementet. Dei seier at situasjonen er kritisk. Begge har eit ønske om å få tilbake den gjennomgåande togtrafikken på Raumabanen og Dovrebanen.

– Regjeringa må snarast mogleg få på plass ei kompensasjonsordning for togselskapa som no ikkje kan køyre godstrafikk på tognettet. Dette slik at selskapa kan starte opp godstransporten så snart brua er på plass, seier fylkesordførar Tore O. Sandvik.

(©NPK)