Arbeidet med rulleporten har vore eit samarbeid mellom Haugsbygda-bedrifta Plany AS og Ulstein-baserte Jimmy Kieffer i konsulentselskapet Kieffer AS. Kieffer har hatt den tekniske leiinga og prosjektleiinga på dette prosjektet.

– Mi oppgåve har vore å få alle dei ulike bitane til å falle på plass. Det er både dukteknologi, hydraulikk og mekanikk som skal syast saman i dette produktet, sa Kieffer til Vikebladet Vestposten då han og Plany viste fram produktet dei har utvikla saman.

Godt samarbeid

Dagleg leiar i Plany AS, Børre Waagan, meiner verksemda fann ein perfekt samarbeidspartnar i Jimmy Kieffer.

– Det har vore til stor fordel for Plany å nytte Jimmy sine evner og den kunnskapen han sit på for å få til ei slik løysing på noko vi har tenkt på lenge. Ideane har vi hatt lenge, og vi har sett at det finst ein marknad for det. Difor fekk vi inn Jimmy for å hjelpe med å setje ideane og visjonane våre i system. Det har vore ein veldig god match, seier Waagan og legg til:

– Det er nytt for Plany å jobbe på denne måten, å tilby noko så heilskapleg. Vi tek no heile produktet inn i eige hus, og måtte difor ha hjelp utanfrå for å kunne gjennomføre det.

Plany er kjende for å vere innovative, og har dei siste åra mellom anna funne fram til eit innovativt luseskjold. No blir det satsa fullt på å stå for heile produktet sjølve.

– Vi vil gjere dette eitt hundre prosent sjølve. I fleire andre prosjekt tidlegare har vi samarbeidt med andre, og diverre har vi då i nokre tilfelle vore nøydde til å vente på mark-nadsframstøyt frå desse før vi sjølve kunne gjere noko meir med saka. No kontrollerer vi prosessane, og det er til stor fordel når produktet skal ut i marknaden, seier Waagan.

Skal monterast på båt

Det er ikkje slik at porten dei frammøtte på Dalen Industriservice onsdag fekk sjå, berre er ein prototype. Den blei faktisk same kvelden demontert, lakkert og gjort klar til å bli pakka ned og sendt til Tyrkia. Der skal den monterast på Volstad Maritime sitt nye konstruksjonsfartøy, som blir bygt ved eit tyrkisk skipsverft.

– Båten er nesten ferdig den, og skal leverast rett etter nyttår. Noko av det som står att er altså å få montert på denne porten, seier Børre Waagan stolt.

Absorberer støytane

Det var mange spørsmål frå dei frammøtte, som kom både frå Ulstein, Rolls-Royce, Kleven og Marin Teknikk, for å nemne nokre, kring den nye rulleporten.

– Porten er sterk, lett og har god levetid. Så er det også ein annan veldig viktig ting. Porten absorberer støytane den blir utsett for på sjøen, fortalde Jimmy Kieffer under sin presentasjon.

For det er nettopp det som er så fascinerande med denne nye porten, i forhold til konvensjonelle portar, som også har langt dårlegare levetid.

– Dette er ein port for både nybygg og båtar som treng ei ny løysing. Dette er eit system som toler ekstreme forhold og som gir etter for bølgjer som slår inn i den, seier Børre Waagan.

Skaparane er klar over at det er tøffe tider å lansere eit nytt produkt i, men Plany AS er sikre på at produktet har ein stor marknad.

– Det står att å sjå i kor stort omfang vi får selt slike rulleportar, men signala frå marknaden er gode, og vi har sjølve god tru på dette, seier Waagan til slutt.