– Dørsal stressar og dyttar oss til å ta val vi vanlegvis ikkje ville gjort. Vi håpar mange no nyttar seg av høvet til å takke nei, seier juridisk seniorrådgivar Thomas Iversen i Forbrukarrådet i ei pressemelding.

I mai vedtok Stortinget at eit forbod mot dørsal på kvelden, i helgar og på heilagdagar skulle innførast frå 1. oktober. Forbodet gjeld frå klokka 21 om kvelden til klokka 9 om morgonen.

Forbrukarar kan også reservere seg heilt mot denne typen sal.

– Vi håpar næringslivet tek signala om at det er dei færraste som ønskjer seljarar på døra, og heller konsentrere seg om salskanalar der forbrukarar får god informasjon, og ikkje minst god tid til å vurdere tilbodet, seier Iversen.

(©NPK)