(Sunnmørsposten): Prodtex-konsernet satsar på å bygge stålkonstruksjonar, nærmare bestemt bruer, ved hjelp av robotsveising. Med dei avanserte robotane, kan ei norsk bedrift som Prodtex etter alt å dømme hamle opp med konkurrentar i lågkostland. Produksjonen skal vere meir effektivt og klimavennleg enn med tradisjonelle metodar. Dessutan er det store klimagevinstar i å produsere store konstruksjonar nærare der dei faktisk skal stå.

foto
Vil ta tilbake industri: Kjersti Kleven er styreleiar i Prodtex. – Å ta industriproduskjon tilbake til Norge, er noko eg brenn for, sa ho i ei direktesending på NRK i 2018. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Prodtex er delt opp i to uavhengige to selskap: Prodtex Industri AS har anlegg på Fiskåholmen i Vanylven, der Ulstein Group tidlegare hadde verft. Prodtex AS har verksemd i Ulsteinvik.

foto

«State of the art»

12. januar inngikk Prodtex Industri AS kontrakt med Statens vegvesen verdt 40 millionar kroner. Leveransen gjeld ståldekke til bru for køyretøy, nærmare bestemt til Elverhøy bru i Sunndal kommune.

Elverhøybrua går over elva Driva på riksveg 70.

I kunngjeringa av denne offentlege kontrakten står det at det er teknologisk krevjande å utvikle byggemetodar basert på «state of the art sveisemetodar».

Dette er ein forsking- og utviklingskontrakt der målet er å utvikle ein automatisert produksjonsprosess for bygging av stålbruer basert på laser- og laserhybridsveising.

Med røter i verftsindustrien

Fleire i Prodtex, deriblant Tore Roppen og Kjersti Kleven har bakgrunn frå Kleven Verft og har tatt med seg kompetanse derifrå.

Også Kleven Verft var tidleg ute med å prøve ut robotsveising. Roppen og Kleven to er dei største eigarane i Prodtex. Også dagleg leiar Sigbjørn Nordstrand er med på eigarsida.

Klagefrist går ut på laurdag

Både Nordstrand og Roppen poengterer overfor Sunnmørsposten at kontrakten ikkje er i hamn før klagefristen har gått ut. Formelt sett snakkar vi berre om ei «intensjonskunngjering».

Når det offentlege gjer større avtalar med eit selskap, kan konkurrentar som føler seg forbigått klage. Ifølge Roppen og Nordstrand har ingen klaga til no, og fristen er rett rundt hjørne.

– Ein slik kontrakt er veldig viktig for oss, sjølvsagt. Vi har eit nært og tett samarbeid med Statens vegvesen om metode, seier Norstrand til Sunnmørsposten.

– Det betyr mykje å få kontinuitet i arbeidet for å verte gode på det vi held på med, legg han til.

Inger Kjær Sørensen i Statens vegvesen skriv følgjande i ein sms til Sunnmørsposten:

«Det settes 10 dagers frist for innsigelser. Her er frist satt til 29.01.2022. Deretter er planen å inngå kontrakt med Prodtex».

Formelt sett er dermed alt på plass først over helga, men i praksis ser kontrakten ut til å vere i boks.

Denne saka blei først publisert av Sunnmørsposten.