Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen presenterte måndag det nye anbodet som skal lysast ut for kystruta mellom Bergen og Kirkenes.

Regjeringa vil dele anbodet i tre, går det fram av ei skriftleg kunngjering. Det skal gi konkurrerande leverandørar høve til å konkurrere om ruta mellom Kirkenes og Bergen, skriv NRK.

Kontraktane skal gå til dei leverandørane som kan tilby lågast pris.

I dag har Hurtigruten ASA ein avtale på strekninga Bergen–Kirkenes som går ut 31. desember 2019 med rom for eitt års forlenging. Framlegget frå Samferdselsdepartementet gjeld nye kontraktar etter dette tidsrommet.

Ordføraren i Måsøy kommune, Gudleif Kristiansen (Sp), er skeptisk til forslaget.

– Skal det vere tre forskjellige reiarlag som skal drifte dette om kvarandre – så lurer eg på kven som skal få hovudansvaret for koordineringa av gods- og passasjertrafikken. Dette blir veldig stykka opp, seier han til NRK.