Den 25. januar 2022 signerte Ulstein Design & Solutions AS og ZPMC-verftet i Kina ein designkontrakt på to ulike serviceoperasjonsskip (SOV) for havvind. Det er Shanghai Electric Windpower Group som skal ha skipa, som vert dei første spesialdesigna SOV-skipa til den kinesiske havvindindustrien. Det opplyser Ulstein Group i ei pressemelding.

I følgje pressemldinga har Ulstein Design & Solutions og Shanghai Electric med dette inngått eit samarbeid som gjer at dei vert blant dei første aktørane innan operasjons- og vedlikehaldstenester i den kinesiske havvindindustrien.

Leiande posisjon

- Vi valte Ulstein ut frå den leiande posisjonen dei har innan havvindmarknaden, med erfaringa og prosjektreferansane, og at dei er til stades lokalt i Kina. Ulstein er ein dedikert aktør som har synt profesjonalitet og ekspertise i prosessen med å utvikle desse konsepta. Eit tett samarbeid mellom Ulstein, byggeverftet ZPMC og oss sjølve har gitt eit solid grunnlag for prosjekta, seier Ma Chengbin, administrerande direktør i Shanghai Electric sitt engineeringsselskap.

Med meir enn 50 prosent marknadsandel, er Shanghai Electric den største leverandøren av havvindturbinar i Kina. Selskapet er også ein stor aktør innan utstyrsproduksjon.

foto
Designkontrakten mellom ZPMC og Ulstein vart signert i Kina og Noreg den 25. januar 2022.

Viktig milepæl

- Vi er svært glade for å kunngjere denne viktige milepælen saman med Shanghai Electric og ZPMC. Samarbeidet med ZPMC-verftet går tilbake til 2012 då tungløftsfartøyet DLS4200, designa av Ulstein, vart bygd der, og i dag er tungløftsfartøyet JSD 6000, også eit Ulstein-design, under bygging ved dette verftet. Vi ser fram til samarbeidet med ZPMC og Shanghai Electric. Vi set stor pris på å vere ein del av dette banebrytande prosjektet. Saman skal vi arbeide for å gjere framtida sikrare og grønare med berekraftige operasjonar, kommenterer Runar Muren, administrerande direktør i Ulstein Design & Solutions AS.

foto
Administrerande direktør Runar Muren og contract manager Trond Gundersby ved Ulstein Design & Solutions AS.

- Vi set stor pris på at Shanghai Electric og ZPMC har valt Ulstein til å designe dei første SOV-skipa til Kina. Desse vil vere med på å sette ein standard for framtidas O&M-operasjonar i Kina. Vi har samarbeidd svært tett med klientane og våre kollegaer i Noreg, og vil halde fram med å bidra til å utvikle den kinesiske havvindindustrien, seier Johannes Røren, administrerande direktør i Ulstein Marine Services i Shanghai.

- Denne kontrakten markerer at Ulstein etablerer seg i den kinesiske havvindmarknaden. Ulstein leverte sitt første dedikerte design for havvindstøttefartøy til den europeiske marknaden i 2014. I åra etter har Ulstein designa og bygd fleire andre O&M-skip for havvindmarknaden, og har også utvikla Jones Act-tilpassa havvindskip for den amerikanske marknaden, avsluttar Runar Muren.