Kleven har inngått kontrakt om bygging av eit 100 meter langt explorer-fartøy. Kontrakten er inngått i samarbeid med tyske Lürssen, som er verdsleiande innan design og bygging av store yachtar. Det skriv Kleven i ei pressemelding tysdag.

- Dette er eit prosjekt til i ordreboka vår, men aller viktigast er det at dette er eit prosjekt som vil bety mykje for sysselsetjinga vår. I tillegg er det eit godt døme på at vi i Kleven jobbar godt med å omstille oss, seier konsernsjef Ståle Rasmussen til Vikebladet Vestposten.

Kva fartøyet vil koste har ikkje Kleven informert om.

- Men at det er ein betydeleg kontrakt for oss, er heilt klart, seier Rasmussen.

Første samarbeid

Fartøyet vil bli bygd, teknisk sluttført og delvis utrusta ved Kleven Verft i Ulsteinvik, medan sluttutrusting og innreiing vert gjort ved Lürssen sitt Blohm+Voss-anlegg i Hamburg, skriv verftskonsernet i pressemeldinga.

- Vi er stolte over å kunne offentleggjere det første resultatet av samarbeidet mellom Kleven og Lürssen, seier Rasmussen.

- Med over 140 års historie i luksusyachtmarknaden, er Lürssen det desidert mest erfarne og kunnskapsrike selskapet i bransjen, og vi er stolte over at dei har valt Kleven som sin langsiktige partner for uvikling av framtidsretta, høgteknologiske fartøy. Dette første fartøyet skal blant anna ha ein stor og avansert batteripakke.

- Kombinasjonen av Lürssen sine verdsleiande design og Kleven sitt moderne og robotiserte produksjonsanlegg vil gje kundane eit kvalitetsprodukt utan like, og vi vonar dette vil bli eit fruktbart samarbeid for alle partar, seier Ståle Rasmussen.

Hemmeleg kunde

Kleven har i samråd med kunden ikkje valt å offentleggjere kven kunden er.

- Denne marknaden er slik at ikkje alle kundane nødvendigvis har same ønskjet om å offentleggjere alt med ein gong. Difor ligg det ikkje ved bilete av båten på noverande tidspunkt, men det kan kanskje kome, seier Rasmussen til slutt.