Førre gong Vegvesenet undersøkte forfallet var i 2013. Då anslo dei at prisen for utbetring var mellom 45 og 70 milliardar, ifølgje Naf, som tek til orde for eit krafttak for fylkesvegane.

– Forfallet på vegane er bygd opp over tid, og det vil ta tid å få det ned. Risikoen for å bli drepen eller hardt skadd når du køyrer på ein fylkesveg er nesten 90 prosent høgare enn når du køyrer på riksvegnettet, seier pressesjef Ingunn Handagard i Naf i ei pressemelding.

Summen på 95 milliardar kroner er basert på vedlikehaldsutgiftene til fylkeskommunane dei siste ti åra. Tidlegare i år gjorde Møre og Romsdal og Rogaland eigne berekningar og kom fram til høgare anslag enn Statens vegvesen.