– Ikkje vent på den første morgonfrosten før du skiftar dekk. Då er det allereie for seint, seier fagsjef på motor i Frende Forsikring, Roger Ytre-Hauge, i ei pressemelding.

I Nord-Noreg kom det snø fleire stader førre veke og i helga var det gult farevarsel i Møre og Romsdal, Trøndelag, og dessutan i nordlege fjelltrakter i Sør-Noreg.

– Piggfrie vinterdekk kan du trygt leggje om til no. Vi har dessverre sett fleire dødsulykker på grunn av dårlege eller feil dekk på norske vegar, seier han.

Viss du køyrer med piggdekk er det lov i dei tre nordlegaste fylka frå 15. oktober. Frå 1. november er det lov over i landet.

– Men viss føret krev det kan du bruke piggdekk og kjettingar allereie no. Trafikktryggleiken trumfar alltid kalenderen, seier Ytre-Hauge.

Han minner også dei som har haustferie denne veka om å skifte dekk viss dei skal til fjells.

(©NPK)