– Det er ikkje alle som kjem hit for å hjelpe av fri vilje og med positivt forteikn, seier fagforeiningsleiar i Oslo-politiet, Marius Bækkevar, til VG.

Politidirektoratet har den siste veka beordra 44 politibetjentar til Oslo frå alle politidistrikt unnateke dei to nordlegaste, etter at Oslo politidistrikt bad om hjelp.

Beordringa varer i ein månad, og politibetjentane skal vere operative og vere ute i Oslos gater frå i dag, fredag.

Knytt til situasjonen i Midtausten

Det var Sunnmørsposten som fredag førre veke først omtalte flyttinga av politifolk til Oslo.

– Politiet følgjer utviklinga i Midtausten tett og vurderer fortløpande korleis situasjonen kan påverke oss her heime. Ein del av dette handlar om å vere førebudde på at situasjonen kan utvikle seg i ei retning som får konsekvensar for oppgåvene og prioriteringane til politiet, sa fungerande beredskapsdirektør i Politidirektoratet, Jørn Schjelderup, til avisa.

Årsaka til det ekstra tryggingsbehovet er dei kommande daganes mange innmelde markeringar, og dessutan sikring av jødiske og israelske mål i Noreg og auka vaktsemd mot palestinske og propalestinske miljø og arrangement.

90 politifolk har mista jobben

Oslo politidistrikt har nedbemanna med 90 politiutdanna tenestefolk dei ni første månadene i år. Bækkevar meiner dette er grunnen til at dei ikkje klarer å løyse oppgåvene sine åleine.

– Det som er nytt no bemanningsmessig er at vi står i ein ganske ordinær situasjon, og no klarer vi ikkje den åleine ein gong. Situasjonen er ikkje kraftig, det handlar om ekstra vakthald på nokre objekt, seier han.

(©NPK)