Brandingbyrået Kind, leia av Tom Emil Olsen frå Ulstein, er kåra til «Global Agency of the Year» for andre året på rad. Det skjedde under World Brand Design Society Awards (WBDS) som fann stad i London no i januar.

Kind har hovudkontoret sitt i Bergen og har avdelingar i Oslo, Aberdeen, Edinburgh og Shanghai.

I tillegg til denne gjeve tittelen, fekk byrået også ikkje mindre enn 17 prisar fordelt på to gull, fire sølv og åtte bronse – i tillegg til tre rosande omtalar.

Dei to gullmedaljane fekk Kind for arbeidet med rebranding og emballasjedesign for Ålesund-verksemda Nordi, som tilverkar mat av tang og tare for den internasjonale marknaden, og for fotograferinga som er gjort for Åmot Luxury Lodging i Telemark. Arbeid som er utført for Babord Seafood, Bareksten Spirits, Cutters, White Rabbit, Aurora Salmon and 7 Fjell Brewery vart også løna med ulike prisar.

Kind tronar no på toppen av rankinglista til World Brand Design Society, etter å ha klatra opp frå andreplass i høve til i fjor. Denne lista representerer ifølgje WBDS dei mest prislønte og leiande designbyråa internasjonalt når det gjeld merkevaredesign innan forbrukar- og bedriftsmarknaden.