Tysdag blei det klart at Statens vegvesen vil inngå ein forskings- og utviklingskontrakt med den Ulsteinvik- og Fiskå-baserte verksemda Prodtex – på bygging av ståldekke til nye Elverhøy bru i Sunndal kommune.

Den opphavlege brua blei bygd i 1941 og er 70 meter lang – og går over elva Driva. Denne skal altså no erstattast.

Målet er anleggsstart på seinhausten i år – og planen er at brua og tilhøyrande vegar er ferdigstilt hausten 2023. I tillegg er planen å rive og fjerne den eksisterande brua før jul 2023.

– Vi håper at vi om kort tid vil lande denne neste kontrakten med Statens vegvesen, seier Sigbjørn Nordstrand, administrerande direktør i Prodtex, til Vikebladet Vestposten.

foto
På med brillene: Tore Roppen (t.v.), leiar for forretningsutvikling i Prodtex, står her saman med administrerande direktør Sigbjørn Nordstrand - i fabrikken på Fiskåholmen i Vanylven. Dei er to av dei sentrale personane i verksemda, som har hovudkontor i Ulsteinvik - og produksjonslokale på Fiskå. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll/Arkiv.

Opnar snart ny bru – i gang med neste prosjekt

Torsdag 3. februar kjem sjølvaste samferdselsminister Jon-Ivar Nygård til Åfjord i Trøndelag for å opne Norges første stålbru med lasersveisa sandwichkonstruksjon.

Gang- og sykkelbrua Frønesbrua – på 65 meters lengde – var ved kontraktsinngåinga vinteren 2020 definert som eit forskings- og utviklingsprosjekt, og var starten på ei verifisering av prosessar og metodikk frå Prodtex sitt tidlegare utgreiingsarbeid for E39-prosjektet over Bjørnafjorden.

No er altså brua klar for å takast i bruk.

– Prosjektet i Åfjord har gått bra, og har gitt oss mykje viktig kunnskap som vi tek med oss inn i neste bruprosjekt. Basert på erfaringane har vi no gjort viktige designendringar som gjer oss betre i stand til å få ein meir effektiv produksjon av neste bru, seier Sigbjørn Nordstrand.

Han held fram:

– Vi har også fått testa ut bruk av lasersveis i ein reell produksjon, og har fått bekrefta at dette er ein effektiv og presis teknologi som vil kunne ta ned både kostnadar i prosjekt så vel som produksjonstida.

foto
Ny sort: Gang- og sykkelbrua i Åfjord er Norges første stålbru med lasersveisa sandwichkonstruksjon. Foto: Prodtex.

Alt i gang med neste prosjekt

Prodtex ligg absolutt ikkje på latsida – for dei er alt godt i gang med neste prosjekt – Ya bru i Østerdalen.

Bygginga av delane som skal setjast saman til denne brua blir gjort på Fiskåholmen – og skal leverast våren 2022. Om lag 15 millionar kroner er verdien på kontrakten.

– Vi er no i gang med produksjonen av delane som skal installerast på riksveg 3 i Østerdalen – og ser fram til den vidare prosessen, seier Sigbjørn Nordstrand.

foto