- Det er noko ein nesten ikkje tør å drøyme om - men det er ei fantastisk god kjensle at ein får igjen for arbeidet ein legg ned. Eg har fantastiske medarbeidarar som gir jernet, seier Trine Krüger Gusdal, varehussjef ved Obs Bygg Ulsteinvik.

Om ein ikkje reknar med meirverdiavgifta omsette Obs Bygg Ulsteinvik i fjor for over 80 millionar kroner, og heldt med det fram veksten etter rekordåret i 2020.

Trendane varehussjefen ser er at folk fortset å leve ut draumane sine i hus og hage - og at fleire nyttar netthandel og hentar varene dei har bestilt i butikken.

- I 2020 var måling ei av dei største varegruppene, i 2021 var det hage og uterom som vart prioritert. Kundane våre held fram å leve ut sine draumar i hus og hage, seier Krüger Gusdal.

Før jul auka i tillegg sal av varmepumper og peisomnar i takt med auka straumprisar, ein trend som har halde fram i starten av 2022.

- Vår leverandør på varmepumper er faktisk blitt tome for eit par variantar. Vi har selt langt over det som har vore forventa. Vi har også opplevd å vere utseld for eit par variantar av peisomnane våre, seier varehussjefen.

foto
Godt nøgd: Varehussjefen er godt nøgd med omsetninga - og gler seg over at utviklinga held fram også inn i 2022. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Raskt aukande via nett

Byggevarebransjen i heile Coop Nordvest opplevde ein kraftig vekst då koronapandemien kom - fortel varehussjefen.

Det er fleire årsaker til dette, mellom anna at folk måtte avlyse utanlandsferiane sine, at ein fekk meir tid heime og på heimekontor. I tillegg har fleire kundar fått opp auga for netthandel. Delen som går på netthandel aukar rast, fortel Trine Krüger Gusdal.

- Vi har tredobla omsetning frå netthandel på tre år. Vi har eit stort utval med det vi kan kalle lettare faghandelsprodukt til mellom anna hus, hage, bil og båt. Dette er alt frå spikar og skruar - til elektrisk verktøy. Men - det blir også bestilt golv, isolasjon og tyngre trevirke. Ofte blir det bestilt på nett og henta i butikk, men ein del blir også levert heim til kundane, fortel ho.

Coop Nordvest avslutta 2021 med i overkant av ein milliard i brutto omsetning på byggevarer.