Saunesmarka-baserte KosDesign AS veks vidare, og har tilsett Laila Muren som dagleg leiar for selskapet. Ho byrja i jobben 1. september.
Veks vidare: Her ser ein Linda Rogne Stornes (f.v.), Laila Muren og Roy Stornes i Saunesmarka-baserte KosDesign AS, frå då lokalavisa intervjua dei i fjor i høve veksten til selskapet frå 2020 til 2021. No har Laila Muren tatt over som dagleg leiar for selskapet etter Roy Stornes. Sistnemnde får då konsentrere seg meir om salsoppgåva i bedrifta, som sel plantekasser, hagemøblar og uteinteriørartiklar.
Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll/arkiv.