Tysdag var det duka for årets Leverandørkonferanse på Sjøborg kulturhus, i regi av IL Hødd. Ordførar Stian Skorgen Scheide opna ballet, og fokuserte på den gledelege oppgangen i det lokale næringslivet – samstundes som ein opplever ein tøffare økonomisk kvardag i kommunane på Ytre Søre.

– Som ordførar i Ulstein er eg stolt som ein hane over alt vi har oppnådd, sa Skorgen Scheide.

Temaet for årets konferanse var «Navigating the Future», noko Scheide meinte var veldig passande. Han viste til at han hadde nytta KI til å forfatte delar av talen sin, med atterhald om at det ikkje er heilt slik enno at teknologien kan erstatte det menneskelege.

– La oss saman jobbe for å sikre ei lys framtid for regionen vår, sa Skorgen Scheide.

– Alt heng saman

Programleiar for dagen var tidlegare fotballtrenarprofil Roger Finjord. Han introduserte sportssjef og dagleg leiar i IL Hødd, Jesper Törnqvist, som fortalde om det klubben gjer av arbeid i høve samfunnsansvaret, resultat, utvikling og verdiskaping. Ein runddans som er svært viktig, meiner han.

– Alt heng saman, sa Törnqvist.

Hødd-status: Jesper Törnqvist, dagleg leiar og sportssjef i Hødd, var her i samtale med programleiar Roger Finjord. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.

Han trekte fram Heimebaneprosjektet, som er eit krafttak for berekraft. Klubben har blant anna valt seg ut nokre av berekraftsmåla til FN – som skal stettast.

Hødd har ifølgje Törnqvist rundt 580 aktive og meir enn 120 trenarar.

Mange forskjellige føredragshaldarar

Etter Hødd-statusen var det Trond Lars Nydal, administrerande direktør i Sparebanken Møre, som snakka om banken si rolle i lokalsamfunna.

Vidare var også senior skipsmeklar Arne Rustad i Clarksons Norway og Roy Gurskevik i Axbit på føredragshaldarlista.

Etter ein pause var det klart for Vegard Rivenes i Atea, som snakka om kunstig intelligens, og Tore Roppen i Ulsteinvik-verksemda Prodtex som snakka om korleis ein skaffar til vegs stålkonstruksjonar med korrekt pris, kvalitet og miljøavtrykk.

Frode Aasnæs Beyer og Knut Flage i Nexans Norway AS heldt så eit føredrag om Nexans Electra, som blir den andre verdsklasse-kabelleggjaren Ulstein Verft skal bygge for selskapet.

Nexans: Knut Flage og Frode Aasnæs Beyer i Nexans fortalde blant anna om Nexans Electra, båt nummer to som skal byggast ved Ulstein Verft. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.

– Må byggje samfunnet rundt ein

Og apropos Ulstein, etter ein ny pause heldt Gunvor Ulstein, konsernsjef i familieeigde Ulstein Group, eit føredrag om konsernet som samfunnsbyggjar. Ho kom inn igjen i konsernsjefrolla mot slutten av fjoråret.

– Vi er veldig opptekne av Ulstein-samfunnet og regionen vår. Det går ikkje an å byggje bedrift utan å byggje samfunnet rundt ein. Vi er sterkare saman, seier Gunvor Ulstein.

Om årsaka til at Ulstein-familien har støtta Hødd i fleire tiår, sa konsernsjefen at det å bidra i lokalsamfunnet er svært viktig.

Ho fortalde også om den gode ordrehorisonten til Ulstein Verft, der ein har arbeid fram til 2026.

– Nettopp difor må vi jobbe hardt for å sikre oss ytterlegare arbeid, slik at vi har meir å gå til etter dette, sa Ulstein.

Felix Breitschädel i Olympiatoppen og Øystein Neerland i Molde FK runda av programmet for årets Leverandørkonferanse – før Roger Finjord takka for følget.

Lokalbanken: Trond Lars Nydal, administrerande direktør i Sparebanken Møre, heldt også føredrag. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.
Opna konferansen: Ordførar Stian Skorgen Scheide hadde æra av å ønske velkomen til Leverandørkonferansen. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.