(Sunnmørsposten): – Vi har på dugnad vaska og rydda, sett opp reolar og fått på plass nødvendig utstyr – som kjøl- og fryseanlegg. Og varene er komne i hyllene.

– Det fortel Jan Arve Jøsok, nestleiar i styret for Leikong Handelslag.

Kjøpte av Coop

Då Coop for eit halvt år sidan varsla at dei ville leggje ned butikken sin på Leikong i Herøy, vart bygdefolket oppskaka. Dei ville framleis ha butikk i bygda.

Etter mykje planlegging og mange møte fekk eit interimsstyre kjøpe butikkbygget.

– Over 200 personar har kjøpt andelar i butikken, så då har vi finansieringa på plass, legg Jøsok til.

Han fortel at mange har vore på han for å få vite når butikken skal opne. I haust sa nemleg Jøsok her i Sunnmørsposten at det skulle skje før jul. Og det greier dei akkurat.

Butikken på Leikong har ein eigen, sosial krok som skal fungere som ein møteplass i bygda. Foto: Henrik Goksøyr.

Marutham

– Det er Marutham, som i dag driv butikk i Hjørungavåg, som også skal drive butikken på Leikong. No håpar vi at bygdefolket sluttar opp om butikken og gjer mesteparten av handelen sin her, seier Jan Arve Jøsok – som sjølvsagt skal gjere sin julehandel i nærbutikken på Leikong.

I eit hjørne av butikken har dei laga til ein sosial krok, med bord og stolar der ein kan få seg ein kaffikopp og noko attåt. Fredag får kundane servert kake.

Denne saka blei først publisert av Sunnmørsposten.

Eigar og drivar av butikken Marutham i Hjørungavåg, Jeyuran Vijayartnam, skal no også drive butikken på Leikong. Her såg ein han då han ekspederte ein kunde på opningsdagen for Marutham 4. juni 2021. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.