Det er avdekt skadar i flaskemunningen på nokre av glasflaskene. Derfor blir glasflasker med julebrus og eplemost kalla tilbake.

– Av omsyn til tryggleiken til forbrukarane våre har vi ikkje noko anna val enn å kalle tilbake produkta som er tappa på denne flasketypen, seier kvalitetssjef i Ringnes, Anett Christensen.

Produkta dette gjeld er Dahls Julebrus, Dahls julebrus Lett, Hamar & Lillehammer julebrus, Hamar & Lillehammer julebrus Lett, Mozell Eplemost og Tou Eplemost.

Ifølgje Ringnes er skadane på flaskene synleg etter opning.

– Forbrukarar skal derfor ikkje vere bekymra for at dei kan ha drukke av ei skadd flaske utan at dette er oppdaga, seier Christensen.

Alle som har uopna flasker, kan levere dei tilbake. Ringnes seier at folk som vil sikre seg julebrus til jul, kan kjøpe boksar eller plastflasker.

– Å måtte trekkje tilbake glasflaskene er sjølvsagt veldig leitt og noko vi beklagar på det sterkaste. Men viktigare enn alt anna er tryggleiken til forbrukarane, seier kommunikasjonssjef i Ringnes, Nicolay Bruusgaard.

– Vi veit at glasflaska står høgt hos mange, men kan garantere at innhaldet er det same om julebrusen kjem frå glasflaska eller dei andre formata, seier han.