Kven likar vel ikkje harde julegåver? Like før jul gav vakuumtoalettprodusenten Jets ein dreiebenk i gåve til Borgund vidaregåande skule.
Jan Helge Skomsøy (t.v.) er ingeniør ved FoU-avdelinga til Jets Vaccum, medan Tor Rønnestad (t.h.) er forsking- og utviklingsleiar i verksemda. Torsdag overrekte dei denne om lag tre tonn tunge dreiebenken til Borgund vidaregåande skule ved avdelingsleiar Rune Frøystad (midten). Bak står Morgan Jelle i Peder Naalsund Transportforretning AS, som stod for transporten av «beistet» frå Hareid til den vidaregåande skulen i Spjelkavik.
Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.