Verksemda blei stifta i 2017 – av Perry Stave, Runar Bruseland og Alf B. Strand. INTSA har hovudkontor i Sparebanken Møre-bygget på Hareid – og sjølv om det er ei lita verksemd, har dei store ambisjonar.

Stave, Bruseland og Strand har samla erfaring frå nautikk, politiet, militæret, mekanikk og administrasjon – og utgjer med det ei solid stamme. Nyleg blei teamet utvida med Siv Jensen, tidlegare topp-politikar gjennom ei årrekkje – der ho blant anna var leiar for Framstegspartiet og finansminister i Erna Solberg si regjering mellom 2013 og 2020.

I slutten av august 2021 kom nyheita om at Siv Jensen gjennom Redningsselskapet skal leie ei satsing for å førebygge drukningsulukker. Ho driv sitt eige selskap, og leiger seg ut til Redningsselskapet – som ho skal halde føredrag på oppdrag for – i tillegg til å drive rådgjeving.

Og det er der Hareid-baserte International Safety Advisory kjem inn. For – Perry Stave og dei andre i selskapet kontakta Siv Jensen – og la fram for ho kva dei har jobba med i fleire år.

– Vi hadde ein hyggeleg prat med Siv, og ho likte veldig godt det vi jobbar med. Ho bestemte seg for å bli med på laget, og det er vi naturlegvis veldig takksame for. Siv har med seg mykje erfaring, og er ein viktig kapasitet for oss i det vidare arbeidet vårt, seier Perry Stave til Vikebladet Vestposten.

Siv Jensen er ny medeigar i International Safety Advisory, i tillegg til å fungere som seniorrådgjevar.

foto
Testa på sjøen: Her ser ein eit knips frå då International Safety Advisory fekk testa ut systemet, då dei sende ut ein drone frå bilferja MF "Dryna". Foto: International Safety Advisory (INTSA.

Utviklar avanserte dronar og MOB-system

INTSA blei til med formål om å tilby reiarlag ein sikkerheitssjekk av fartøya deira – for å avdekkje moglege og framtidige farar – i tillegg til uønskte hendingar. Etter kvart fatta også verksemda interesse for anleggsbransjen – der INTSA kunne tilby skreddarsydde kurs, øvingar og andre sikkerheitstenester. Noko som ville hjelpe entreprenørverksemdene å nå HMS-måla sine.

Under arbeid på fartøy ute i verda – og spesifikt i cruiseindustrien i Florida, USA – såg verksemda at behovet for forbetring ved mann over bord-hendingar (MOB) var stort. Innanfor cruisenæringa er talet på omkomne ved slike hendingar stort.

– Eg er kaptein sjølv, og veit kva for system vi ideelt sett burde hatt om bord – for at ein skulle følt seg trygg i ein slik situasjon. Vi ser diverre at det stort sett berre finst utkik, redningsbøyer og mann over bord-båt som redningsmiddel – i tilfelle nokon dett på sjøen. Dette har leia fram til det autonome systemet vi har utvikla, ProEye DTR, seier Perry Stave.

foto
ProEye DTR: Her ser ein korleis ein tenkjer seg at det autonome redningssystemet ProEye DTR, utvikla av Hareids-verksemda International Safety Advisory, skal fungere. Systemet er basert på heilt ny sensorteknologi og det aller siste innan droneoperasjonar. I dette scenarioet vil ein autonom drone fly ut frå skipet og lokalisere vedkomande som har hamna over bord. Dronen slepp så ned ein oppblåsbar redningsflåte - og varslar både skipet og hovudredningssentralen - slik at redninga kan kome snarast mogleg. Foto: International Safety Advisory (INTSA.

Har sikra seg intensjonsavtale

ProEye DTR er eit redningssystem basert på heilt ny sensorteknologi – i tillegg til det aller siste innan droneoperasjonar under krevjande forhold. Det er eit fullautonomt system, for å unngå menneskelege forseinkingar og misforståingar som kastar bort dyrebar tid.

– Kort sagt vil ein autonom drone kunne fly ut frå skipet eller riggen, for å kjapt lokalisere vedkomande som har hamna over bord. Dronen slepp så frå seg ei redningsbøye eller ein redningsflåte – og held seg hos vedkomande til hjelpa er der. Samstundes har dronen sendt signal både til fartøyet og nærmaste hovudredningssentral – om at ein situasjon har oppstått. Med dette håper vi å redde mange liv, seier Perry Stave.

Leverandørar til delar av systemet er SICK, Maritime Robotic, Robotic Aviation og Hatteland Technology.

Kompanjongane har drive utvikling ved sidan av anna arbeid sidan oppstarten. Perry Stave er til dømes kaptein om bord i brønnintervensjonsfartøyet Island Wellserver.

– Vi håper etter kvart også å kunne plassere ut systemet vårt på visse punkt langs kysten – slik at det også kan nyttast som redningsmiddel på den måten. Det er tallause moglegheiter for implementering av dette systemet, og det er veldig spanande å få vere med på, seier Stave.

Som avslutningsvis fortel at INTSA har sikra seg ein intensjonsavtale med Havila Kystruten – eit samarbeid dei ser fram til å utvikle vidare.