Hybridskipet MS Otto Sverdrup seglar langs norskekysten frå Hamburg på si første segling med 179 nye norske maritime arbeidsplassar om bord og 12 nye maritime lærlingplassar.

Det skjer i samband med at skipet skiftar operatør frå HX (tidlegare Hurtigruten Expeditions) til Hurtigruten i Noreg, og skipet er flagga inn til det ordinære, norske skipsregisteret.

Dermed er alle tilsette om bord underlagt den norske arbeidsmiljølova og norske tariffavtalar.

– Viss vi vil unngå at gigantiske cruiseskip seglar inn til norske fjordar og byar utan å leggje igjen noko særleg lokalt, må det stillast strengare krav til lokale arbeidsplassar og lokale ringverknader. Det gjennomfører vi no i praksis ved å flagge MS Otto Sverdrup «heim», seier administrerande direktør Hedda Felin i Hurtigruten.

Hurtigruten meiner norske selskap må styrkjast i møte med dei utanlandske cruisegigantane. Saman med LO og sjømannsorganisasjonane har dei jobba saman for ei lov som krev norske lønns- og arbeidsvilkår for utanlandske cruiseskip. Ei ny lov om arbeidsvilkår i norsk farvatn har lenge vore til vurdering hos regjeringa. Reiarlaget Hurtigruten etterlyser fortgang i prosessen.

– Høyringsforslaget frå regjeringa har store hol som i praksis vil forverre konkurransesituasjonen for Hurtigruten og dei norske sjøfolka våre, medan dei store utanlandske aktørane kan halde fram tilnærma som før. Vi håpar det kjem på plass strengare reglar raskt som gagnar den maritime næringa i Noreg, og at vi og andre kan oppbemanne med endå fleire norske arbeidsplassar, seier Felin.

(©NPK)