Våren er komen på Sunnmøre, men det medførte ikkje nokon stor auke i talet på eigedomstransaksjonar i april. Samanlikna med mars gjekk aktiviteten i eigedomsmarknaden ned ein god del frå mars.
I Ulstein vart det registrert 19 tinglysingar i mars, medan talet vart 14 i april.
Hareid hadde nesten like stor aktivitet som Ulstein i april med sine 12 tinglysingar, men også her med ein nedgang frå mars då det var 14.
Herøy hadde klart flest omsette eigedomar i mars, med sine 26. Her var det også flest i april, men no med 21 registrerte tinglysingar.
Også Sande hadde ein rolegare månad i april. Frå 11 tinglysingar i mars vart det registrert 7 i april.
I kartet i toppen av saka kan du sjå alle eigedomane som skifta eigar i løpet av april i dei fire kommunane.
Forklaring til kartet: Kvar sirkel viser kor mange eigedomar som er selt i eit område. Klikk på sirkelen for ei meir detaljert visning. Du kan også klikke deg inn på kvar einskild eigedom for å få historikk. Du kan velje å nytte ei kartvisning eller du kan sjå flyfoto over området ved å trykke på firkanten på høgresida i toppen av biletet.