Før valet skreiv Vikebladet Vestposten at to utflytta kvinner frå Hareid var heite ordførarkandidatar for Arbeidarpartiet i kvar sine kommunar.

Det enda med at den eine – Arnhild Holstad – gjorde eit brakval for Arbeidarpartiet i Namsos og fekk 45,3 prosent av stemmene bak seg.

Det var milevis føre Høgre, som vart nest største parti med 13,5 prosent.

Til lokalavisa i Namsos seier Arnhild at ho er audmjuk overfor den oppgåva ho no blir sett i.

Ho hadde elles ikkje tort å håpe på eit så godt valresultat som det vart.

Ikkje Ullensaker-ordførar

Janka Holstad, som var ordførarkandidat for Arbeidarpartiet i Ullensaker kommune, fekk 31,7 prosent av veljarane bak seg. Ho profilerte seg særleg med skule- og barnehage-satsing pluss at ho ville ha eigedomsskatt på næringseigedom.

Dette siste var kanskje det som gjorde at høgresida i Ullensaker kom ut med flest mandat. Ein koalisjon av Høgre , FrP og KrF sit med 23 representantar, medan Janka Holstad ikkje fekk meir enn 17 representantar i spann med SV.

Ordførar i Ullensaker dei neste fire åra blir dermed, i følgje Østlandssendinga, Tom Stahle frå Framstegspartiet.