Krigsveteranen, historikaren og forfattaren Ragnar Ulstein vart laurdag heidra på Rådhusplassen i Ulsteinvik, då bysta av han vart avduka av forsvarsminister Ine Eriksen Søreide.

Etter talar frå mellom anna Aksel Hauge, Forsvarssjef Haakon Bruun-Hansen og Forsvarsminister Ine Eriksen Søreide var det Ragnar Ulstein sjølv som tala til folkemengda samla på tusenårsplassen i Ulsteinvik. Og Ulstein var svært audmjuk ved sidan av si eiga byste.

- Kjære sambydningar! Eg må jo seie det for eg har jo i hjarte og sinn alltid vore ein ulsteining. Sjølv om eg no også er ein ålesunder. Eg vil nytte høvet til å utrykke mi store glede over å vere her. Og eg må seie at eg aldri hadde tenkt at eg skulle stå her i denne samanheng, få så mange vakre og sterke ord sagt om meg, som eg slett ikkje føler meg verd å høyre. Men eg må berre ta imot og prøve å leve opp til litt av det i den tid eg har igjen.

- Eg er så glad i og stolt av denne bygda. Og eg er glad for at eg fekk stå her framom dykk og seie dette. Den livslange kjærleiken som eg har hatt til denne bygda, den har kome tilbake til meg i denne bysta her. Det var ikkje slik eg hadde tenkt det, eller slik eg drøymte det, men eg er glad for at det er kome.

Fridomen kan ikkje bøye av

Ulstein, som om få dagar blir 96 år, talte engasjert og klart om fridomen og kor viktig det er å halde på den.

- Som vår statsråd seier så er vi i ein vanskeleg situasjon. Igjen reiser det seg totalitære system rundt oss. Dei gamle er borte, men der er komne nye til. Det er utfordrande for oss når vi tek inn så mange utanfrå, og vi må få dei inn i det demokratiske fellesskapet. Vi kan ikkje la oss drive inn i mellomløysingar, som fører oss vekk frå fridomen. For fridomen er den søyle som ingen kan røyve. Den kan ikkje bøye av. For fridomen er slik at den ikkje skal tilpasse seg andre, kven enn det måtte vere. Andre må tilpasse seg fridomen. Denne utfordringa kjem vi til å møte i generasjonar framover. Då må vi stå fast, sa Ulstein.

Følg med på Vikebladet.no for meir om avdukinga av Ragnar Ulstein-bysta.