Teknisk Ukeblad skriv at Marin Teknikk i Herøy skal designe "Yara Birkeland". Skipet blir truleg verdas første utonome skip i kommersiell drift.

Yara har inngått samarbeid med Kongsberg Gruppen om å utvikle dette skipet.

Det blir 75 meter langt og skal ta 100-150 containerar, og med det erstatte 40 000 årlege vogntogturar i Telemark.

- Norske verft har vist seg å vere svært innovative og er gode på spesialskip. Dei viser også stor interesse for prosjektet, sa Svein Tore Holsether (konsernsjef i Yara) til Teknisk Ukeblad.

Planen framover er at kontrakten blir sett ut ein gong i 2017, med levering i slutten av 2018. Så skal skipet setjast i drift ved nyttår. Den første tida skal det segle med mannskap. I 2019 vil dei fjernstyre skipet, før det i 2020 skal byrje på den autonome seglinga.