- Ideen vår er å spare miljøet. Me vil vise dykk løysingar for framtida, opna Gero Steigerwald frå Tyskland føredraget sitt med.

Rune Brandal hadde henta inn to tyskarar og ein spanjol til å snakke om systemet dei har utvikla for å redusere avfall og bruke mindre vatn. Alle tre produsentane har salsnett og store kundar over heile verda.

Dei har gode referansar på at systemet deira verkar. Dei blir brukt i mellom anna verdsarvbyen Bilbao, på fleire skip og på ti polarstasjonar. Den tyske marinen nyttar Martin og Roediger til alle skipa sine.

Vacuumtoalett

Steigerwald arbeider for Roediger Vacuum som har produsert toalett i 175 år. Vacuum-toaletta dei lagar bruker mykje mindre vatn for å skylje ned enn vanlege toalett. Dette kjem godt til nytte på skip der det er mange toalett, gjerne over hundre. Då slepp skipa å ta med så mykje vatn. Dei har også fått ned vekta på toaletta frå 22 til 17 kilo, også det er nyttig ombord i skip med mange toalett.

Han fortalde også at dei har arbeidd med å få ned støyen på toalettet, så no er desibelen omtrent den same som på «vanlege» toalett. Og han viste bilete av den lekre designen dei har på badreromsinnredninga si.

Avløpsvatn

Carola Dannen frå Martin Membrane System i Tyskland, snakka om korleis ein kan bruke avløpsvatn om igjen. Gråvatn kan reinsast så det blir heilt okei å vaske med, ja til og med drikke.

Dei kan tilby ulike gradar av reinsing av vatnet, alt etter kva kunden ønskjer å bruke det gjenvunne vatnet til.

Ho forsikra om at dei har eit godt system, vatnet blir reinsa, ingen ting kan gå gale, sjølv om ein skulle sovne frå det. Avløpsvatnet er så reint at det får gå rett i alle elvar og innsjøar i Vest-Europa.

Ei utfordring med vatn frå kjøkken er at det er ein del feitt og matrestar som kan tette membranen, men dei har utvikla eit system der luft får dette til å flyte opp, for derreter å skilje seg ut og vekk frå vatnet.

Dei har også system for at det ikkje skal byrje lukte.

- Ikkje berre for skip

Sjølv om det gjerne er skip som tar i bruk denne nye teknologien med vakuumtoalett og reinse avløpsvatn for å bruke det omigjen, er dette nyttig over alt det er menneskeleg aktivitet, meinte Abdon Beitia frå Kollvik (Spania).

For å få ned mengda med avfall må det samarbeid til. Kollvik har utarbeidd ei løysing som er i bruk både ved resturantar, hotell, skular, flyplassar og militærbasar. Over heile verda har ein det same problemet med kva ein skal gjere med avfallet ein lagar.

All slags organisk avfall blir kompostert i lag. Ein treng berre å tilføre vatn og luft (oksygen) så bryt det seg ned sjølv. Ein treng ikkje kjemikaliar.

Det er eit lukka system, så det kjem ikkje til insekter og det er luktfritt.

Også dette vart skildra som eit enkelt system som ein ikkje treng ekstra folk til å betjene.

Ein fyller på det ein har med kompost, anten det er tre, matavfall og gras, etter kvart som ein har avfall. Tre veker etter ein fylte på den første ladninga med avfall kan ein ta ut fin kompost som ein kan bruke i hagen.

Ved å lage kompost av avfallet lokalt, slepp ein forureine ved å frakte det rundt.

Også i bruk i Noreg

Rune Brandal vart kjent med Roediger og Martin hos ein felles kunde i Antarktis. Dette forholdet utvikla seg til samarbeid. No har Brandal einerett på å selje dette systemet i Noreg.

Delegasjonen er her no ei lita veke der Brandal tar dei med seg rundt. Dei har fleire prosjekt på gang på Sunnmøre.