Hareid legesenter:

Sentralbordet ute av drift tysdag

Sentralbordet er ute av drift ved Hareid legesenter ut dagen i dag.

Hareid legesenter.  Foto: Arkiv.

Nyhende

Grunna tekniske problem er sentrabordet til Hareid legesenter ute av drift.

- Det er sterkt beklageleg at det blei slik i dag, men dei som treng hjelp kan likevel kontakte oss, fortel kontorleiar Anne Beate Bigset til Vikebladet Vestposten.

Ein kan anten kontakte legesenteret via mobiltelefonnummeret 97532996, via legevaktsentralen (116117), eller ved akutthjelp, 113.

- Dette gjerd heile dagen, tysdag. Vi vil få på plass ei anna løysing i morgon, seier Bigset.