Det har blitt tradisjon at Jazz & Koral held konsert i Ulstein kyrkje på allehelgsenssundag. Denne gongen hadde dei fått med seg damekoret Corsonus frå Hjørungavåg, under leiing av dirigent Iris Kristine Tangen Nanseth.

Allehelgenskonserten var ein fin konsert for lengt, trøyst og ettertanke. Allehelgen er ein dag for å minnest dei som har gått bort, og låtvalet på denne konserten passa godt til det. Det vart felt nokre tårer på benkeradene denne kvelden, og det var heilt greitt. Men her var også plass til håpet og gleda.

Songen som opna konserten var «Gjennom sorga går ein sang», ein song Halvdan Sivertsen dikta etter det forferdelege som skjedde 11. juli 2011. Songen vart skrive som ei trøystevise, Ann Cesilie Skundberg, vokalist i Jazz & Koral, meinte det passa godt å opne kvelden med denne. «Gjennom sorga går ein venn» er ei av verselinjene.

– Det er godt at me har songen og musikken når ord ikkje er nok, sa ho.

Amazing Corsonus

Tidlegare i haust vann Corsonus NM for kor i open klasse og 5.-plass for damekor. Sundagskvelden song dei fleire av songane dei deltok i NM med, og det var ikkje vanskeleg å høyre kvifor dei gjorde det så skarpt. Det var ei nydeleg tolking av Amazing Grace. Røystene til kormedlemene kling veldig godt i lag, dei kan tekstane utanåt og verkar veldig trygge på det dei framfører.

Men det beste nummeret frå dei denne kvelden var då Nanseth tok fram tromma og dei song «Deg å få skoda». Det var sånt driv i songen at det var ei fryd å høyre og sjå på.

Trommisen song

Bertil Tødenes kjenner nok dei fleste best som ein habil trommeslagar. Men på helgemessekonserten i fjor viste han at han også kan syngje. Også denne konserten kom han fram og song. Og det var så fint at me får håpe me snart får sjå han framme med mikrofonen igjen.

Det var stor applaus etter kvart nummer som vart framført. Men sjølv om publikum reiste seg og klappe iherdig vart det ikkje ekstranummer. for sistesongen skulle vere «The Lord Bless You», som ei velsigning på ferda heim.