Inger Lise på tv-date:

– Litt flaut å sjå seg sjølv på tv

Torsdag kveld vert Inger Lise Kaldhol frå Ulsteinvik å sjå i sjekkeprogrammet Første date på TVNorge. – Eg håpte ingen skulle oppdage det, ler ho då lokalavisa tek kontakt.

match?: Inger Lise Kaldhol frå Ulsteinvik vert å sjå på tv torsdag kveld. Då møter ho Tom-Erik Hjelle frå Valldal til stemnemøte i programmet Første date på TVNorge. FOTO: Discovery  Foto: Discovery

Nyhende

– Det er noko av det skumlaste eg har gjort i heile mitt liv. Men det var faktisk veldig artig å vere med på det, seier Kaldhol.