– I alle fall dersom ein ser Noreg under eitt, seier statsmeteorolog Bjart Eriksen ved Meteorologisk institutt.

Temperaturane vil ligge fleire grader under det som er normalt for denne tida på året. Dette gjeld også for Hareid og Ulsten.

– På det kaldaste vil temperaturane der oppe hos dykk ligge på rundt fem minusgrader på dagtid og ned mot 15 minus på natta, trur Eriksen.

Kaldast onsdag og torsdag

Meteorologen fortel at dei kaldaste dagane denne veka truleg vert onsdag og torsdag.

– Inn mot helga vert det litt varmare att, kanskje vi også får nokre få plussgrader. Men ifølgje prognosane våre vil temperaturane vil ligge lågare enn normalt 10–12 dagar fram i tid, opplyser statsmeteorologen.

Det er eit kuldeområde i dei vestlege delane av Russland som er årsaka til at heile Skandinavia no vert råka av ein langvarig kuldebolk.

– Det er litt uvanleg. Dette vert nok den kaldaste perioden til no denne vinteren, noko som er litt spesielt sidan det er såpass seint på vinteren, seier Eriksen.