- Årets prisvinnar er ei dame med mot, styrke og ressursar. Å arbeide med og hjelpe ungdomen er noko ho gjer med stor glede. Kandidaten stiller alltid opp for ungdomen når det trengst, også når det ikkje passar for foreldra deira. Kunsten å motivere og engasjere er noko ho gjer veldig godt. Rolla ho har i samfunnet vårt er veldig viktig for ungomane våre.

Ho starta opp som ungdomsarbeidar i Ulsteinvik i 2010 og er også MOT-koordinator i Ulstein kommune, samt leiar for Bell Undgomsklubb.

Kvinneprisen for 2018 går til Marie Flatin.

Dermed kunne MOT-koordinatoren ta imot årets kvinnepris framom ein gjeng av sine MOT-ungdomar, som nettopp hadde vore på scenen for å vise fram BliMe-dansen. Og det var tydleg at Flatin sette pris på utmerkinga.

- Wow! No skjelv eg. Dette var totalt uventa og eg blei veldig satt ut. Tusen takk. Eg er veldig takknemlig for dette, sa Flatin før ho vende seg til MOT-ungdomane.

- Og tusen takk til dykk. Det ser jo her grunnen til å bry seg om ungdomane våre, og det er mange som bryr seg i det lokale MOT-teamet. Eg er veldig stolt over å vere ungdomsarbeidar og jobbe med MOT i Ulstein. Å få vere ilag med ungdommar dagleg, der ein dag ikkje er lik den neste, det er med på å gjere livet verdt å leve. Eg vart heilt tatt på senga av dette. Dei som kjenner meg veit også at eg gjer det eg kan for å sleppe å stå framom publikum, og det er difor eg heller sender fram ungdomane. Difor seier eg berre igjen tusen hjarteleg takk og takk til alle dei flotte ungdomane.