Eigentleg skulle ikkje kontrollutvalet ha møte før den 8. mai, men møtet vart framskunda til denne veka, for dei hadde lyst til å gjere seg ferdig saka.

På formannskapsmøtet i mars fekk Ulstein Venstre ein protokolltilførsel der dei bad rådmannen gjere skriftleg greie for alle næringsinteressene sine overfor formannskapet som arbeidsgjevar, og til kontrollutvalet. Dei bad også rådmannen klargjere til kontrollutvalet kva andre kommunar enn Vanylven han eventuelt har seld tenestene sine til.

Men kontrollutvalet finn ikkje at dette er ei sak for dei. Rådmannen sine næringsinteresser er underlagde arbeidsavtalen og er såleis opp til formannskapet som arbeidsgjevar å vurdere.

Arbeidsavtalen

I arbeidsavtalen mellom Arset og kommunen står det at rådmannen ikkje har høve til å ta på seg inntektsgjevande arbeid eller verv som kan få betydning for arbeidsforholdet/arbeidsytelse utan etter avtale med arbeidsgjevar. Avtalar må vere i samsvar med gjeldande arbeidsreglement og etiske retningsliner i Ulstein kommune.

Kontrollutvalet vurderer det som det var vanskeleg å leggje band på den personlege handlefridomen til rådmannen så lenge han var i ulønt permisjon, og dei ikkje kan vise til ulemper for arbeidsgjevaren.

– Det kan vere verdt å merke seg at rådmannen sin individuelle arbeidsavtale pkt. 12 kun stiller krav om løyse frå arbeidsgivaren når det gjeld erverv «som kan få betydning for arbeidsforholdet eller arbeidsytelsen». Det er såleis i første rekkje opp til rådmannen sjølv å avgjere kvar denne grensa går, skriv Jostein Støylen som er dagleg leiar i Vest Kontroll.

Saknar skriftleg avtale

Eigenleg skulle kommunen inngå skriftleg avtale med rådmannen før han gjekk ut i permisjon. Men dette vart ikkje gjort. Kontrollutvalet meiner at Arset ikkje kan klandrast for dette aleine. Her hadde ordføraren eit stort ansvar.

Ordføraren har stadfesta at rådmannen gjorde det klart før han reiste at han tenkte å ta på seg konsulentoppdrag i permisjonstida gjennom eit eige føretak som han oppretta for formålet.

Berre til Vanylven

Overfor sekretariatet har rådmannen opplyst at sal ikkje gjeld andre kommunar enn Vanylven. Sekretariatet har motteke rekneskapsmateriale frå Tesra International AS som stadfestar dette. Arset har seinare også kreditert fakturaene har skreiv til Vanylven for dei to planane.

Samarbeidet med rådmannen i denne oppklaringsrunden viser at det ligg føre ønskje om å imøtekome informasjonsbehovet og kontrollutvalet sine førespurnader, for på den måten og fjerne tvile og uvisse omkring faktiske tilhøve i den konkrete saka, skriv Støylen.

Avslutta

Kontrollutvalet vedtok samrøystes at Arset ikkje har gjort noko ulovleg jamfør regelverket. Dei kritiserer at det ikkje vart laga ein skriftleg avtale for permisjonstida, det er likevel klart at den munnlege avtalen ikkje er omtvista mellom partane. Dei meiner Arset burde ha dokumenterte betre overfor Vanylven at det var Ulstein kommune sine planar som vart nytta som basis. Og dei meiner at kontakten han hadde med tilsette i Ulstein kommune i permisjonstida burde ha vore med konstituert rådmann og/eller ordførar.

Hadde der vore ein skriftleg permisjonsavtale, god nok dokumentasjon overfor Vanylven og lagt fram dokumentasjon til kontrollutvalet 6. mars, kunne mykje arbeid og negativ merksemd vore unngått, meiner kontrollutvalet.

– Blåst ut at alle proporsjonar

Rådmann Einar Vik Arset er nøgd med konklusjonen til kontrollutvalet.

– Eg registrerer kontrollutvalet sin konklusjon og har gjort mitt for å avklare faktiske forhold. Eg har også tatt sjølvkritikk for manglande skriftlegheit. Høg etisk standard er viktig for tillit, det gjeld oss alle og spesielt for rådmenn. Men med kommunerevisjonen sitt initiativ, meiner eg at saka vart blåst ut av proporsjonar. No er eg glad for at saka er avslutta, og trur fleire enn meg kan ta lærdom av dette, seier han til Vikebladet Vestposten.