For første gong arrangerer Sunnmøre friluftsskule i Ulstein kommune. Friluftsskulen skal vere den 2. til 6. juli. Skulen er for born mellom 11 og 13 år.

Det blir fem aktive dagar i friluft på Osnessanden og i områda i nærleiken. Mellom anna blir det overnattingstur med fisketur med Hindholmen til Borgarøya.

20 born får vere med og dei har førebels nokre ledige plassar.

Påmeldingsfristen er 31. mai.

Ulstein vart ny medlemskommune i friluftsrådet i år. De finn meir informasjon om friluftsskulen her: http://www.friluftsraadet.no/index.php?page_id=203322